Berre bønder lengtar heim

av Are Kalvø

Kva er best av livet i byen og livet på landet og kvifor har vi i Norge tilsynelatande alltid krangla om dette?

Forfattar, kåsør og komiker Are Kalvø (f. 1969) har gjennom fleire bøker utmerka seg som ein vittig og skarp observatør av ulike sider ved det norske samfunnet. Han har mellom anna skrive om kinesiske restaurantar i Norge, nordmenns ferievanar og popmusikken på VG-lista. I Hyttebok frå helvete tok han for seg norsk friluftsliv. Hytteboka er i skrivande stund omsett til tretten språk. No er Kalvø aktuell med boka Berre bønder lengtar heim.

Kalvø er sjøl fødd og oppvaksen på bygda (Stranda på Sunnmøre), men har budd i Oslo i over tretti år. Han seier han i urbane miljø ofte føler han må forsvare bygda og livet der sidan han både kjem frå ei bygd og har turnert mykje rundt i bygde-Norge. Samtundes må han tidvis forsvare den urbane livsstilen i møte med bygdefolk. Med boka Berre bønder lengtar heim, ynskjer Kalvø, med eit glimt i auget, å samanlikne livet i grisgrendte strøk med livet i storbyen. Skil det eine seg ut som betre enn det andre? Går det an å leve gode liv både i bygd og by?

For å finne ut av desse spørsmåla vel Kalvø seg ut den kommunen i Norge med lågast folketal, nemleg øya Utsira i Rogaland. Der skal han og kona, som i boka konsekvent går under namnet Kontaktsøkaren (sidan ho er spesielt god til å koma i kontakt med folk), bu i ein månad. Dei skal ta kontakt med lokalbefolkninga og delta i livet på øya i størst mogleg grad. I neste omgang skal dei to bu ein månad i ein livleg og aktiv bydel i London, ein av Europas store metropolar.

Kalvø og kona går inn i prosjektet med liv og lyst og opne sinn. Det medfører morosame, hjertevarme og overraskande opplevingar. Dei to plassane byr på mellom anna uvant vær, store mengder mat, fem kattar som Kalvø aldri lærer seg namna på, pubar som alltid er opne og pubar som av og til er opne, surdeig, pilkast, politikarar, pysjamas på café og skarv. Altså fuglen skarv.

Det handlar i det store og heile om å prøve å forstå betre dei som lever og bur på andre plassar enn oss sjøl. Kalvø skildrar opplevingane på Utsira og i London i kjent humoristisk stil, men også med varme og god innsikt. Kva Kalvøs konklusjon blir? Det skal eg ikke røpe her. Boka er uansett eit friskt og morosamt pust i by-landdebatten.

Boka kan du låne på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av bibliotekar Elin Løkken