av Lena Lindahl
Er du klar for eit storby-eventyr med ein smak av honning?
Max og far hans bur i storbyen med stor S, sjølvaste New York. Faren til Max er kokk på det flotte hotellet Waldorf Astoria og der bur dei heilt oppe i 20.etasje med takterrasse og ei fenomenal utsikt. Det som ikkje er fullt så flott er hotelldirektøren,Chef Gastrolon, som stadig vekk er sur på far til Max. Han kjem brasande ut på takterrassen deira i litt for trong dress, sint som ei fele og bannar: «i svartbrente steikepanne!». Maten på hotellrestauranten har fått terningkast to i avisa og direktøren er slettest ikkje tilfreds. Faktisk er han så arg at han raudglødande og oppblåst held på å eksplodere. Max ser han for seg som ein raud, sint ballong svevande over byen. Gastrolon trugar med å sparke far til Max om hotellrestauranten ikkje får betre omtale for maten.
Medan faren lutrygga og lei seg prøver sitt beste for å gjere hotelldirektøren til lags med ein ny meny, så har Max sommarferie og fleire spennande prosjekt på gang. Han har planta eit frø som låg i ein konvolutt ein travel hotellgjest mista på veg ut frå hotellet året før. Frøet har blitt til ein stor, mystisk og vakker blome. Han har i tillegg lært om bier på skulen og at det ikkje står så bra til med biene rundt om i verda. I New York finst det masse bier. Folk har sett opp kuber for å hjelpe biene, men så har dei gløymt å passe på dei. Nå flyg biene forvirra rundt i store svermar på leiting etter ein heim. Max byggjer fine, nye bikuber ute på takterrassen og ventar spent. Kjem biene til å like kubene?
Utan å røpe for mykje så kan eg fortelje at biene stortrivst i kubene hjå Max. Dei hentar nektar frå nyperoser ved operaen og blandar med nektar frå den mystiske blomen Max har sådd. Resultatet blir ein heilt spesiell honning og når far til Max brukar den i nye matrettar byrjar merkelege ting å skje.
Biene i New York tek for seg det evig aktuelle temaet om naturens kamp i møte med storbyen. Den skildrar også ein varm og fin relasjon mellom far og son og gjev krevjande sjefar eit aldri så lite spark på skinnleggen. Boka har ein del tekst, men er i tillegg gjennomillustrert med både morosame, fargerike og vakre teikningar av Endre Skandfer.
Boka er anbefalt frå 6 - 11 år, men passar for alle som er glade i eventyr, bier og New York. Den er også veldig fin til høgtlesing.
Boka finn du på Hammerfest bibliotek.
Anbefalt av bibliotekar Elin Løkken