av Unn Conradi Andersen
Det er juni, og bibliotek over heile landet frontar skeiv litteratur på hyllene. Folkebibliotek får nye skeive (og streite) bøker gjennom kulturfond, og blant bøkene som kom til oss i juni, var romanen «Bli litt til» av Unn Conradi Andersen. Romanen har eit godt språk, og handlinga er vårleg og vakker, om to svært ulike kvinner som trekkast mot kvarandre.
Boka tek lesaren med på ei forelsking mellom Siv og Jack. Det tek ikkje lang tid frå dei møtes til Jack flyttar frå sambuaren sin, men passar Siv og Jack saman når kvardagen kjem? For kven er Jack eigentleg? Romanen tek for seg historia til Jack, sett gjennom Siv sine auger. Tema som vert tatt opp er sjalusi og usikkerheit i eit nytt forhold, men òg korleis å balansere ein ny kjærleiksrelasjon med livet sitt, slik ein var vand med det. Både menneskjer og relasjonar mellom folk har fleire lag, og boka tek føre seg korleis alle er meir enn det du først ser. Dette er ei fin og lettlest bok om å like nokon som er ulik ein sjølv, og om ein skal gå, eller bli litt til.
Vi har boka til utlån på biblioteket og i Bookbites.
Anbefalast av bibliotekar Amalie.
Publisert av Tommy Rene Thomte
Sist endret 18.07.2024 16.24