Brobyggerne

av Jan Guillou

Brobyggerne er den første boka i ein historisk romanserie som følger ein familie gjennom to verdskrigar og eitt århundre. Serien utgjer til saman ti bøker, men Brobyggerne kan òg lesast som ei enkeltståande bok.

I Brobyggerne møter vi tre brør som mister faren og onkelen på sjøen. Dei tre gutane Oscar, Sverre og Lauritz må etter ulukka reise frå det lille fiskeveret og inn til Bergen for å forsørgje familien. Her vert det snart oppdaga at dei har store talent, og mot lovnad om å etter endt studie bygge Bergensbana, får gutane påspandert skulegang og ei dyr ingeniørutdanning i Dresden, Tyskland. Året 1901 er dei tre uteksaminerte diplomingeniørar, men berre Lauritz vender mot Hardangervidda i kamp med naturkreftene, for å bygge bruer som muliggjorde det hittil umogelege – å kunne reise mellom Christiania og Bergen på berre éin dag. I denne boka fylgjer vi òg den mellomste sonen, Oscar, som skamfull flyktar til tysk Austafrika, der han hamner på eit av tidenes største jernbaneprosjekter. Boka handlar om korleis å bygge jernbaner under heilt andre forhold enn i dag, men framfor alt handlar ho om menneskja bak. Kva driv dei to brørne framover, korleis tilpassar dei seg nye forhold og vaner der dei hamner? Og kvar tek den tredje broren, Sverre, vegen? Det siste får vi svaret på om vi les «Dandy», som er neste bok i romanserien til Guillou.

God lesnad!

 

Boka er anbefalt av bibliotekar Amalie