Mitt første møte med den finske forfattaren Arto Paasilinna (1942 – 2018) starta på reise. Eg var i beit for lesestoff. Eg hadde høyrt om Harens år, den første boka av Paasilinna som vart omsett til norsk, og så hadde dei Den ulende mølleren til kampanjepris på flyplassen. Den ulende mølleren går føre seg i ei nordfinsk bygd etter andre verdskrig. Nevenyttige Gunnar Huttunen kjøper den lokale mølla som har lege brakk i tretti år og set ho i stand. Huttunen har mange gode eigenskapar, men han har også nokre litt meire spesielle trekk: Når han føler livet går han imot, så må han ut i skogen for å ule. Dette er det ikkje alle i bygda som set like stor pris på og situasjonen spissar seg til. Paasilinna sin litt knappe og underfundige stil i kombinasjon med ein god dose svart humor gjorde sitt. Eg var seld. Dette var både absurd, unikt og morosamt.
Fleire av Paasilinnas bøker har kryssa min veg og no sist Den klønete skytsengelen. Vi er i Finland og her møter vi den nyleg avlidne religionslæraren Sulo Auvinen som skal prøve seg som skytsengel. Auvinen har eit imponerande vingespenn på heile elleve meter, men det er også alt som er verd å merkje seg med den ferske engelen. Trass i kurs i skytsenglefag og gode råd på vegen, er det reint utruleg korleis Auvinen klarer å rote til livet for mannen han er sett til å ta vare på. Auvinen var ei regelrett kløne i live og han er dessverre ikkje eit hår betre som skytsengel. Det hjelp lite at han meiner det godt når det meste går så frykteleg gale. Eg nemner i fleng: Råkjøyring med likbilar, sjalusidrama og slåsting, skipsforlis, husbrannar, stygge trafikkulykker og ein djevel som er ute etter å få Auvinen over på «den mørke sida». Her får vi den eine meir absurde situasjonen etter den andre – i kjend Paasilinna-stil. Undervegs må Auvinen inn på teppet og forklare seg for engelen Gabriel. Auvinen får streng beskjed om å blande seg mindre og å ta det meir med ro.
Eg røper ikkje slutten her, men treng du å kople av med ei absurd historie med innslag av beksvart humor, så kan dette vere boka for deg. Den klønete skytsengelen og mange andre av Paasilinna sine bøker finn du på Hammerfest bibliotek.
Paasilinna har gjeve ut 35 romanar og er omsett til heile 48 språk.
Anbefalt av bibliotekar Elin Løkken