Den unge mannen

På slutten av 1990-talet hadde den franske suksessforfattaren Annie Ernaux eit forhold til ein tretti år yngre mann. I boka skildrar Ernaux eit kort og lidenskapleg forhold som fekk ho til å gjenoppleve kvinna ho var som ung. Fortid møter notid i den korte teksten, og Ernaux får inn mykje på dei få sidene. Gjennom den unge studenten vert Ernaux minna om eiga klassereise, og han får ho til å grunne over kven ho er og kven ho var.

av Annie Ernaux

På slutten av 1990-talet hadde den franske suksessforfattaren Annie Ernaux eit forhold til ein tretti år yngre mann. I boka skildrar Ernaux eit kort og lidenskapleg forhold som fekk ho til å gjenoppleve kvinna ho var som ung. Fortid møter notid i den korte teksten, og Ernaux får inn mykje på dei få sidene. Gjennom den unge studenten vert Ernaux minna om eiga klassereise, og han får ho til å grunne over kven ho er og kven ho var. Vidare skildrar boka opplevinga hennar av andre sitt blikk på aldersskilnaden deira, at dei som par alltid vart lagt merke til. Boka omhandlar ei moden og sikker kvinne som lar seg sjølv oppleve denne store kjærleiksrelasjonen, sjølv om dei begge veit den ikkje vil vare.

(...) når jeg var sammen med en ung mann på tjuefem, så var det for å slippe å hele tiden måtte se inn i det herjede ansiktet til en mann på min egen alder, min egen aldrings ansikt. Når jeg satt overfor A., ble også mitt ansikt ungt. Menn hadde alltid visst dette, jeg skjønte ikke hvorfor i all verden jeg skulle nekte meg det samme.

«Den unge mannen» av Annie Ernaux.

 

Vi har denne og fleire andre bøker av den nobelprisvinnande forfattaren til utlåns på Hammerfest bibliotek.

Anbefalast av bibliotekar Amalie.