I Tilrem sin historiske roman følgjer vi ekteparet Ingrid og Johan i kampen med å rydde eit lite småbruk, Rakne gard, som dei har arva. Det er eit blodslit og både svolt og armod bankar på døra hjå det unge paret. Ingrid og Johan ofrar mykje for at sonen Aslak skal få ein så god og stabil oppvekst som mogleg.
Aslak manglar korkje mat, klede eller kjærleik frå foreldra. Det er likevel noko som manglar. Aslak kjenner seg ofte einsam. Han saknar selskap frå andre ungar og føler seg rastlaus. Ein vinterdag bankar tre soldatar på døra. Norge bur seg på krig og Rakne gard er pliktig til å bidra med ein mann til styrkane som skal forsvare landet. Mor Ingrid seier at dei ikkje har nokon mann avsjå. Far Johan seier dei ikkje har nokon å miste. Aslak er tynga av kvalar, men vel likevel å trasse foreldra. Om natta reiser han av garde for å verve seg.
Under soldattreninga finn Aslak god vener i brørne Mattis og Frans. Treninga er hard og krevjande og dei unge gutane førebur seg som best dei kan på å møte svenskane med kanonar, kuler og krut. Heime går mor Ingrid og far Johan med den aukande angsten for sonen ved fronten som ei kald klo om hjartet.
Eg tykkjer romanen gjev eit godt bilete av Norge i ei dramatisk tid. Gjennom liva til hovudkarakterane får vi innblikk i korleis menneske må, som dei alltid har måtta, ta vanskelege val som kan få store konsekvensar. Tilrem si bok er både rørande og opprørande - ikkje minst fordi den tek opp eit evig aktuelt tema – nemleg skjebnen til enkeltmennesket fanga i maktkampen mellom nasjonar.
Et jentebarn er Martin Tilrem (f. 2000) si første bok og har på stutt tid fått mykje positiv merksemd og gode kritikkar.
Boka kan du låne på Hammerfest bibliotek.
anbefalt av Elin Løkken