«Fiskehuset»

av Stein Torleif Bjella

Ska du bi ein god fiskar, må du tenkij som ein fisk. Dette er onkel Ivar sin klare beskjed til nevøen Jon (hjelpelærar, musikant og sjølverklært heimføding) når dei dreg på haustfiske på vatnet Storsenn. Ivar Helgesson Aal, som har vore ein hardhaus all sin dag, driv no i livets haust. Hovudet er framleis krystallklårt, men kroppen skrantar. Frå parkeringsplassen og opp til fiskevatnet er det berre fire kilometer å gå, men turen vert lang for Ivar som slit med både balansen, synet og hørselen. Han dett fleire gonger og freser iltert når Jon hjelper han opp att. Innan dei kjem fram er pusten til Ivar tung og stoltheita har fått seg ein knekk.

Den veka fisket pågår byr på røft vær, kjeftbruk, latter og tårer, sjølkomponert musikk og ei solid fyllekule. Det blir tankar og samtaler om det som vart og ikkje vart i livet (og kvifor) og om kva ein må slå seg til ro med og ting ein kanskje aldri bør slutte å kjempe for.

Eg tykjer Bjella skriv drivande godt og gjenkjenneleg. Språket han brukar er lågmælt og stødig, litt underfundig og med eit aldri så lite glimt i auget. Alle som har vore med eit eldre familiemedlem på fisking - i ferskvatn eller saltvatn – vil nok kunne kjenne seg att her. Det er ikkje alltid like enkelt og smertefritt å skulle overlevere kunnskap mellom generasjonane. Dei to karane i båten kjempar tidvis med hårete haustvær og tidvis med kvarandre medan dei freistar å få tak i fjellauren som skal bli årets rakfisk. Den vakre høgfjellsnaturen er både utgangspunktet for og ramma rundt denne historia. Bjella skildrar kjenslevart og nyansert både den og dei to hovudkarakterane våre Jon og Ivar. Bjella set fokus på det nære og kjente og får meg samstundes til å tenkje: Kor godt kjenner eg eigentleg dei menneska som eg har nært innpå meg i livet mitt?

Bjella (f.1968) er musikar og forfattar frå Ål i Hallingdal. Han har gjeve ut fleire album som han har fått ulike prisar for. I 2017 kom han med diktsamlinga Jordsjukantologien og Fiskehuset (2021) er Bjella sin første roman.

Boka kan du låne på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av Elin Løkken