«Folk som sår i snø», av Tina Harnesk

Vi befinn oss i Norrbotten i Nord-Sverige. Åttifem-årige Máriddja har vore hjå legen og fått dårlege nyheiter, men ho er slettest ikkje klar for å leggje seg ned og døy! Beskjeden frå legen deler ho ikkje med nokon andre enn Siri, sentralborddama i mobiltelefonen. Ektemannen Biera var med på tvangsflyttinga av nordsamane i Sverige - som ein liten spire i moras liv. No tek demenssjukdommen over livet hans i stadig større grad. Det barnlause ekteparet ber på ei stor sorg – saknet etter guten dei ein gong tok seg av som sin eigen son. Biera har spesielle evner og i eit draumesyn såg han noko som kanskje kan hjelpe dei med å spore opp den no vaksne guten. Tida byrjar å renne ut for ekteparet og Máriddja går både drastisk og kreativt til verks for å finne guten.

Det unge legeparet Kaj og Mimmi flyttar til Norrbotten. Mimmi er trygg, utadvendt og raus medan Kaj slit med angst og indre uro. Han har i tillegg nyleg mista mor si og er i sorg og kjenner seg bortkomen. I tinga som mora sette att til Kaj og bror hans står det ein eske med samisk handverk. Esken er merka med Kaj sitt namn. Mimmi ynskjer seg barn medan Kaj har blanda kjensler. I tillegg slit han med å takle at naboguten Johánás stadig oftare søkjer selskapet til Mimmi og Kaj.

Vi har alle opplevd å miste nokon vi er glad i og veit kor vondt det gjer. Harnesk tek for seg dette temaet med både varsemd og varme. Vi får ei gripande og bitterbeisk forteljing med innslag av lun humor. Du blir oppriktig glad i hovudkarakterane og håper dei finn det dei lengtar etter og treng.

Tina Harnesk (f. 1984) er bibliotekar og forfattar. Ho kjem frå Jokkmokk i Norrbotten og er av lulesamisk slekt. Folk som sår i snø er debutboka hennar. Den vart kåra til årets bok i Sverige i 2023 og blir no gjeve ut i 20 land.

 

Boka kan du låne på Hammerfest bibliotek.

anbefalt av Elin Løkken