Fra far

av Lene Berg

 

Lene Berg sin debutroman «Fra far», er ei bok som tek føre seg far hennar, Arnljot Berg, ein toneangivande filmskapar på tidleg 70-tal. Arnljot Berg var både regissør og forfattar, men han var òg tungt alkoholisert og tidvis innlagt på psykiatrisk sjukehus. Då Lene Berg var 9 år gammal vart faren arrestert i Paris, anklaga for drapet på sin tredje kone, Evelyne Berg. «Hustrudrapet» skapte store overskrifter i media på 70-talet, og dette dramatiske barndomsminnet er utgangspunktet for romanen «Fra far».

Boka inkluderer Arnljot Berg sine dagboknotatar, brev som vart utveksla mellom han og borna då han satt i fengsel, samt Lene Berg sine minner og spørsmål rundt kven faren var, samt kvifor han tok livet av stemora hennar, og seinare seg sjølv. Ei sentral forteljing gjennom boka er ein upublisert og sjølvbiografisk tekst skrive av faren sjølv, der han fortel om at han i ungdomsåra hadde eit seksuelt forhold til ein eldre mann i nabolaget - eit forhold av den sorten som vi i dag vil omtale som eit seksuelt misbruk. «Fra far» er eit puslespel, der ulike forteljingar om faren får plass, og det kan vere krevjande å skjønne korleis alt heng saman i starten. Samstundes får vekslinga mellom dei ulike delane nettopp fram kor samansett forteljinga om faren hennar var. I tillegg er det ei gåve å få innblikk i primærkjelder knytt til faren og relasjonen mellom far og dotter.

Lene Berg er sjølv filmregissør og kunstnar, og i 2022 hadde ho festspelutstilling i Bergen der ho viste fram tematikken i «Fra far» visuelt. Utstillinga bestod av video- og lydverk, tekstilkunst og installasjonar, der mellom anna brev utveksla mellom born og far vart utstilt, samt ein rekonstruksjon av bilen der drapet på Evelyne Berg skal ha skjedd. Det vil seie- ein rekonstruksjon av Lene Berg sitt minne av kva som skjedde drapsnatta. I forbindelse med utstillinga uttalte Lene Berg at minne er interessant nettopp fordi dei inneheld både fakta og fiksjon. Boka er ei samlinga av nettopp dette, direkte kjelder knytt til Arnljot, samt ei dotter si refleksjon og minne av ein trygg, nær og godt likt far, som òg var ein som skuffa, ein som ikkje møte opp til avtaler, og ein som streva. Eg meiner romanen «Far far» balanserer dette godt.

 

Boka er til utlån på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av bibliotekar Amalie