
Sterke og sinte, men også lette og rytmiske dikt om jenter, kvinner og hekser - loser deg gjennom eit mørkt alvor, samtidig som dei skilter med humor og erindring av håp.
Dikta ser deg og held deg
dikta viser finger til patriarkatet
dikta dykker ned i heksekunst,
og løfter fram ein varm kjærleik for søsterskap.
Då eg las boka for første gong i 2021 traff den meg umiddelbart som ein knyttneve i mellomgolvet. Eg lo. Eg vart lei meg. Eg vart stolt. Eg vart rasande. Eg har lese den fleire gongar sidan den gong, og den er stadig like relevant. Ringdal tek for seg korleis forventinger frå samfunnet endrer seg på bakgrunn av kjønnet ditt, og i fleire av dikta fanger ho redsla som ofte føl med berre fordi ein er kvinne. Korleis det er å vere vakker og attraktiv heilt til ein seier nei, korleis det er å vere på joggetur med nokon joggande bak seg i mørket, korleis alle kjenner nokon som er blitt valdteken - men ingen vedkjenner seg å kjenne nokon som har voldtatt.
Boka beveger seg lengre og lengre ut frå det sårbare eg-perspektivet dess lengre bak i boka du kjem, og går i møte med patriarkatet og den mytiske framstillinga av kvinna. Slik sys fleire hundre år med raseri og søsterskap saman - trass avansert og djuptgåande tematikk - med enkle og korte fraser, som er lett for ein leser å ta inn over seg.
Boka er å anbefale til «unge kvinner i alle aldre», men også menn med ryggrad. Eg vil spesielt anbefale den til dei som trur at dei ikkje liker dikt.
Anbefalt av Ida Marie Midttun