av Erlend Loe
Kva er ein mann utan kjønnsorganet sitt?
Erlend Loe sin nyaste roman Kukene/Kukane startar med ei uvanleg hending i dusjen, fleire illevarslande klask og ein fastteipa sokk.
Familiefaren Tander har hatt ein røff dag på jobben etterfølgd av ein kald sykkeltur heim i underkjølt regn. Han står i dusjen og prøver å få att varmen da han plutseleg høyrer eit urovekkjande klask (klask nr 1). Tander ser ned og der ligg kjønnsorganet hans på dusjgolvet. Det har rett og slett falt av – utan blod, smerter og dramatikk av noko slag. Livet tek no like fullt ei dramatisk vending for Tander. Idet kona Nina bankar på baderomsdøra er han slettest ikkje klar for å avsløre at manndommen ikkje lenger er der den skal vere, så han klemmer den fast mellom låra og surrar eit handkle rundt livet. Etter den tilsynelatande heilt normale samtalen med Nina slit Tander: Det svimla for han og han måtte setje seg. Han opna dolokket og seig tungt ned, men han hadde gløymt at han hadde den mista kroppsdelen mellom låra. Han gleid ut og falt i do med eit klask (klask nr 2). Tander bestemmer seg for å rulle saman og teipe fast ein sokk der kjønnsorganet ein gong satt.

Ein absurd situasjon sparkar i gang handlinga på typisk særeige vis i Erlend Loes nyaste roman Kukene/Kukane. Den kjem forresten på bokmål og nynorsk i ei og same bok. Korleis blir livet for den nå penislause Tander? Medan organet hans blir lagt pent i ein tupperwareboks merka med «bringebær» i frysaren, kjem utfordringane på løpande band. Vi får høyre om korleis Tander må informere ungane og kona, om møtet med helsevesenet og ulike fagekspertar med meir eller mindre tvilsame motiv, om eit kleint pokerlag hjå foreldra, intens pressemerksemd og møtet med ein overivrig og noko ufin ortodoks prest.
Loes litt knappe, underfundige språk i kombinasjon med absurde og bisarre hendingar kjenneteiknar skrivestilen hans. Dette er tidvis veldig morosamt, men gjev også eit friskt perspektiv på ting og rom for ettertanke. Kukene/Kukane handlar om menn, mannsrolla og mannskroppen. Den handlar om å vere heil og å høyre til. Den handlar også om kva som kan skje når det du føler definerer deg som person endrar seg totalt på eitt lite og dramatisk sekund. Likar du Erlend Loe sine bøker, så tippar eg du vil like denne boka og hvis ikkje du har lese Loe før så kanskje du skal gje det eit forsøk?
Forfattar, omsetjar, filmmeldar og manusforfattar Erlend Loe (f. 1969) debuterte i 1993 med boka Tatt av kvinnen og har sidan skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne. Han har fått ulike prisar og fleire av bøkene hans er filmatiserte. Kukene/Kukane er i skrivande stund nominert til Bokhandlerprisen 2025.
Boka kan du låne på Hammerfest bibliotek.
Anbefalt av bibliotekar Elin Løkken