I historia Rappenbok skal Helene Hare, Unni Ugle, Gjermund Grevling og alle dei andre dyra i Nattaskogen kose seg og lese godnatt-historier på senga før dei skal sove. Men så, på mystisk vis, forsvinn bøkene ei etter ei. Dei blir rett og slett søkk borte!Kva i all verda er det som skjer? La meg røpe såpass som at det vesle dyret Rappenbok som ikkje har nokon til å lese bøker for seg er involvert og at det heile går veldig bra til slutt.
Ridderen som ikke ville slåss er ei forteljing om musa Rasmus – ein snill og fredeleg riddar som heller vil lese bøker enn å slåss.Foreldra hans prøver alt dei kan, men Rasmus er ein sindig, liten muse-mann. Ein dag står det ein notis i avisa: Ein stor og farleg drage som herjar rundt i området må temjast. Rasmus sine foreldre får eit håp og sender guten sin ut på tokt. Rasmus møter fleire fabeldyr – både ein griff, eit troll og ein diger, gretten drage. Korleis kjem Rasmus seg ut av den knipa?
I eventyret Abrakasebra kjem sebraen Abrakasebra til den søvnige småbyen Gjespenes. Gunnar Geit, byen sin lokale helt, får plutseleg ein rival når det viser seg at Abrakasebra stiller med eit imponerande trylleshow. Gunnar Geit blir sjalu og vonbroten og prøver på utspekulert vis å fordrive sebraen. Korleis går det da med Abrakasebra og kan ho og Gunnar Geit bli vener?
Nattaskogen tek opp viktige tema som utanforskap og inkludering og at det fleire måtar å vere modig på. Sist men ikkje minst så er eventyra ein hyllest til bøker generelt og høgtlesing spesielt.
Boka passar for barn frå tre år og oppover. Den er flott illustrert med morosame og detaljrike teikningar av Thomas Docherty og du finn den på Hammerfest bibliotek. Der har vi også mange andre fine bøker med eventyr for store og små.
anbefalt av Elin Løkken