Neiden 1970

av Ingeborg Arvola

Då eg kom tilbake på jobb etter sommarferie anbefalte ein bibliotekbrukar romanen «Neiden 1970» av Ingeborg Arvola. Eg lånte boka og vart straks hekta.

Bokforside - Klikk for stort bilde

Ingeborg Arvola skriv godt om oppveksten hennar saman med faren, i den kvenske bygda Neiden. Arvola beskriv ein far som var morosam og varm, men òg at livet deira var utanom det vanlege – med lange fisketurar midt på natta, og koppar og sokkar som vart vaska i same vatn. Faren til Arvola hadde eit rusproblem som tidleg kosta han jobben, og seinare kosta han tid saman med barnebarn og dottera, som ikkje lenger orka kome på besøk. I den sølvbiografiske romanen til Arvola vert barndom og vaksenliv fletta smidig saman, og Arvola reflekterer over arven ho, på godt og vondt, har etter faren. Framfor alt er «Neiden 1970» ein velskriven og nær roman om korleis det kan vere å vekse opp med ein rusavhengig forelder på ein liten stad. Boka har såleis klare likskapstrekk med Åsa Linderborg sin roman: «Meg eier ingen».

«Neiden 1970» er til utlåns på Hammerfest bibliotek.

 

Anbefalt av bibliotekar Amalie