På jorda er vi glimtvis vakre

Av Ocean Vuong

«Eg las at foreldre som slit med posttraumatisk stressliding, oftare slår barna sine. (…) Kanskje det å legge hand på barnet sitt er å førebu det på krig» (s. 24).

«På jorda er vi glimtvis vakre» er ein sjølvbiografisk roman, som handlar om bandet mellom mor og son, vanskeleg barndom, språk som bru, krigstraume, identitet, rasisme, klasse og politikk. Boka er både vakker og brutal.

Vuong, eller Veslehunden som han vert kalla, veks opp saman med mora Rose og bestemora Lan. Dei tre kom som flyktningar til Hartford i Connecticut i 1990, som eit resultat av Vietnamkrigen. Gamle Lan er schizofren og med stadige tilbakeblikk til krigen. Mora Rose er analfabet. Då ho var fem såg ho skulen sin brenne som følgje av eit amerikansk napalmangrep. Ho sette aldri sin fot i eit klasserom etter dette. Trass at Rose sjølv ikkje kan lære Veslehunden å lese, arbeider ho hardt på neglesalongen for at sonen skal lære seg leseferdigheter. Romanen er forma som eit brev til ei mor som aldri vil kunne lese det. Om ho kunne lese, ville Vuong truleg ikkje skrive like detaljert om alt.

Romanen har eit poetisk språk, og det merkast at Ocean Vuong i grunnen er diktar. Omsettinga til nynorsk ved lyrikar Rune F. Hjemås er svært god. Tidlegare i år gav Vuong ut diktsamlinga «Tida er ei mor», som er skrive etter at mora gjekk bort. Vietnamkrigen tyngjer framleis Vuong i dikta, slik traumar har ein tendens til å fylgje i generasjonar. Når vi no går inn i ei ny julehøgtid må vi ikkje gløyme all urett som skjer i verda. Vuong skriv om råskap, men òg om kjærleik og eit håp om fridom.

Vi har både romanen og diktsamlingane til Ocean Vuong på biblioteket. God lesnad.

 

Anbefalt av bibliotekar Amalie