«Pent porselen»

av Randi Fuglehaug

Eg hadde ei anna bok i tankane som anbefaling denne veka – noko lett, glitrande, kanelduftande og «julete» som skulle være med på å skape god stemning fram mot kvelden med stor K og sjølve julehøgtida. Plutseleg sneik den nye romanen Pent porselen seg forsiktig inn frå sidelinja. Dette skjer ofte når du jobbar som bibliotekar. Nye bøker kjem inn: Bøker du har høyrt om og venta på, bøker du aldri har høyrt om eller venta på og bøker som du når du les om dei skjønar at du eigentleg har venta på likevel. Dessutan så er det alltid litt ekstra stas å få vere førstemann til å lese ei heilt ny bok – ja, så barnsleg er eg,faktisk!

I Pent porselen møter vi tre kvinner: Sarah, Iselin og Berit.

Unge Sarah er gravid. Det var slettest ikkje planlagt og kanskje venta ho litt for lenge med å ta testen fordi ho var redd for svaret. Ho ynskjer seg likevel inderleg eit barn. Sambuaren David derimot har heile tida vore tydeleg på at han ikkje vil ha barn, så korleis reagerer han når Sarah kjem med nyheita om at dei to no skal bli tre?

Middelaldrande Iselin lev kjernefamilielivet. Ho føler det som om ho druknar i dugnadsarbeid, krevjande tenåringsdøtre og ein ektemann ho kjenner seg stadig mindre tiltrekt av. Ho kompenserer for kjedelege rutiner og manglande evne til å setje grenser med å fokusere på valdelege krimsaker i media.

Berit er ei godt vaksen dame som sørgjer djupt over tapet av kjærasten som døydde av slag. Kjærasten var glad i pent porselen og Berit trålar bruktbutikkar og loppemarknader der ho hamstrar servise som ho fyller leilegheita si med. Kvar fredag besøkjer Berit grava til kjærasten og har med ein ny kopp, ein termos med kaffe og blomar.

Eg tykjer Fuglehaug skriv fram karakterar som vi både får empati med og kanskje blir litt oppgjevne over. Fuglehaug skildrar den indre kampen og strategiane dei veljer for å takle utfordringane dei møter på. Det er ikkje alltid lett å be om hjelp når vi har det vanskeleg og når vi først gjer det så er det heller ikkje alltid vi blir møtt på den måten vi treng. I Pent porselen så blir Sarah, Iselin og Berit møtt - men kanskje både på ein litt annan måte og frå ein annan kant enn venta. Det ER ein raud tråd i dei tre historiene og om dette ikkje akkurat er ein kanelduftande juleroman, så handlar den definitivt om det som det ofte er fokus på i jula nemleg dei nære, og ofte samansette, relasjonane våre.

Randi Fuglehaug (f.1980) har skrive fleire bøker for barn og ungdom – bl.a. den kjente serien Halve kongeriket saman med Anne Gunn Halvorsen. Ho har også skrive krimtriologien om Agnes Tveit som foregår på Voss (bygda der Fuglehaug sjøl er fødd og oppvaksen).

Pent porselen kan du låne på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av bibliotekar Elin Løkken