Eg høyrte Fosse sine dikt først gjennom forfattar og komponist Sandra Kolstad si plate «Elv på himmelen» (2019), der ho har tonesett tolv dikt nettopp frå denne diktsamlinga. På plata som hyller Fosse sin lyrikk har Kolstad fått med seg ei rekke norske artistar, som Ane Brun, Tuva Syvertsen, Bjørn Tomren og Sivert Høyem. Fosse sine dikt i «Stein på stein» er korte, og dei må lesast meir enn éin gong. Somme av dei tonesette dikta høyrte eg på repeat, både fordi dei var vakre, men òg fordi dikta var krevjande å opne. Diktsamlinga plasserer seg inn i ein romantisk tradisjon, med beskrivingar av fjell og natur, og ein «eg»-person som ser og vert sett. Somme av dikta treff svært godt - tek ein seg tid kan ein finne at det ligg ei verd gøymt i eitt lite dikt. Salmen han har med, har fått plass i den nye salmeboka.
Berre veit
songen
sjøens song
glid nedover dei bratte fjella
og utover himmel
i blått svev
som ei skimring
innover mot der vi er saman
og der vi aldri seier noko
og berre veit
-Jon Fosse
Du finn diktsamlinga til utlån på Hammerfest bibliotek.
Anbefalt av bibliotekar Amalie