Tolv dagar i april

av Johanne Nyborg

Har du nokon gong vore med på lamming? Sett ei søye tappa for krefter ligge der med eit lam halvvegs ut av kroppen, og skjønt at dette ikkje går? Eller har du nekta å godta det narrativet kor både søya og lammet døyr, og brukt dine eigne hender til å opne opp søya nok til at lammet kjem fri før det druknar i fostervatten? Det har Johanne Nyborg, og no har ho skildra livet som utflytta odelsjente så nært og så intenst, at ein ikkje klarer legge boka ifrå seg når ein først har begynt å lese.

Boka heiter “Tolv dagar i april” og er forfattaren si første sakprosabok. Det er ei bok som fortel oss mykje om konfliktlinja mellom generasjonar, klasse, bygd og by.

Johanne Nyborg har i eit tiår levd eit liv som biletkunstnar i Oslo. Boka er fyld med fotografi frå familiegarden på Vestlandet, kor ho kvar vår har reist heim for å vere med i lamminga. Fotografia i seg sjølv gjer boka til ei unik oppleving, men det manglar ikkje av levande miljøskildringar som plasserer deg rett der i fjøsen saman med ho. Som når mor hennar syg fostervatn opp frå lungene til eit nyfødd lam, og “lyden minner om å drikke opp brusrestar i botnen av ein pappkopp med sugerøyr”. Heller ikkje manglar det av nære og sårbare innblikk i eit tankespinn som stadig dreg forfattaren mellom livet som kunstnar i storbyen, og livet som odelsjente i ei lita bygd på Vestlandet.

“Eg er redd for at grunnen til at eg i dag elskar å kome heim til bygda mi, er at eg når som helst kan dra igjen”

Eg har sjølv vekse opp i ei fjellside på vestlandet, og brukte mange av mine ungdomsår på å drøyme om eit større liv i ein større by. Lenge trudde eg at meininga for meg var London, kanskje Berlin, men eg kom meg aldri lengre enn til Bergen, og det var der eg oppdaga at livet mitt ikkje ville ha meir fart, meir impulsar, meir i det heile teke. Derifrå søkte eg nord og til blikkstille hav mot midnattsola og ein opprørsk natur under nordlyset. Kanskje difor treff boka meg så hardt, og kanskje difor likar eg den så godt, fordi det nokon gongar kjennes som om tankane som skildres har budd i meg lenge. Likevel trur eg at boka også vil treffe dei som har levd heilt andre liv. Og eg trur den vil kunne berike eit liv som aldri har lukta sødmen av eit blodig lam, og som aldri har kjent på dragninga mellom to heilt ulike liv. Dessutan er den ei god påminning om at vi er avhengige av dei menneska som vel seg eit liv som bønder.

“Til mamma, til Besta (Til Sauene)” står det heilt fremst i boka, og boka slår meg fort som ei gransking av seg sjølv gjennom forholdet til si eiga mor - og den kulturarv som ligg i hennar eigen familie si generasjonslinje.

Eg anbefaler “Tolv dagar i April” varmt! Anbefalinga er skriven på nynorsk fordi boka også er det. Du finn den i Hammerfest Bibliotek.