Vi fødte aldri de barna (2024)

av Ingvill Hekne

Diktdebuten til Hekne tek for seg kvinneliv frå fødsel til barndom, gjennom pubertet, ungdomstid til ein er vaksen. Ja, heilt til ein sit der som ein olding, og det er for seint å angre på alt ein gjorde eller ikkje gjorde. Frå barndom av er det, som menneske og kvinne, stadige val ein må ta. I boka til Hekne dannar det seg etter kvart tre ulike kvinneroller ein trer inn i ut frå vala ein tek: Heksa, Mora og Hora. Tre sterke motpolar som til saman rommar alle kvinner. Det er mange val som må tas, og det er mange måtar å vere kvinne på.

Denne diktsamlinga er gjennomarbeida. Flyten er god, tekstane er poengterte og fiffige. Du kjem til å trekke på smilebandet, og som kvinne kjem du til å kjenne deg igjen i ei - eller fleire - av rollene.

vi lever hemmelige liv fulle av gøy og tomme for betydning,

vi tar opp for mye plass i boligblokkene og for lite i historien,

det er viktigere at vi besøkes og mindre trist når vi dør

 

(…)

 

vi skriver blogg:

vi er en del av 5am-klubben, smeller sammen en

daddelbrownie, møtes på crossfitgymmen halv seks. vi er

sånne folk som sier det som det er, ikke alle som tør det. vi har

jo opplevd litt motgang og treningsskader, lært hvordan man

kan lage forfriskende smoothie av sure bær, hehe

 

(…)

 

vi skriver visdomsord:

å bli eldre betyr å fortsette å gjøre de samme gamle greiene,

bare med mer vondt i knærne

 

Diktsamlinga er til utlån på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av bibliotekar Amalie