100 dikt

av Halldis Moren Vesaas (I utval ved Guri Vesaas)

Denne veka vel eg å trekke fram ei samling av Halldis Moren Vesaas sine dikt. Dikta er plukka ut av Guri Vesaas, dotter til Halldis og Tarjei Vesaas. Anledninga for boka si utgjevnad i 2007 var ei jubileumsmarkering knytt til Halldis Moren Vesaas som ville fylt 100 år dette året. Dikta i boka fylgjer livssyklusen, frå oppvekst til aldring. Det er mykje kraft i Halldis sine dikt, og eg meiner det kan passe å fylle vintermånadane med setningar som får ein til å kjenne ekstra etter. Lite taler meir for boka enn orda til Moren Vesaas sjølv, så i denne bokanbefalinga vil avslutte med diktet hennar: «Å vera i livet – tre vers til mor». Ut over dette diktet har eg favorittar som «Lykkelege hender», «At du», «Ord over grind» og «Lyset». Fleire av desse dikta har seinare blitt sett melodi til, og eg anbefaler særskild Valkyrien Allstars og Amund Enger sine songar knytt til diktinga hennar.

 

Å vere i livet

Tre vers til mor

Dette: Å vera i livet,

open for alt ikring

bunden med sterke røter

til menneske og til ting,

gi både hjarte og hender

i omsorg som aldri svik,

var det som gav meining til ferda di

og lét deg få kjenne deg rik

 

Og den som er rik vil ha seg

eit hus som er såleis bygt

at alle som høyrer til huset

kjenner det godt og trygt,

og såleis at framande gjerne

kjem innom dørene der

og aukar den rikdom som finst der før

med alt det dei sjølve er.

 

Fattig var du om aldri

i livet du kjenne fekk

at mellom deg og dei andre

levande straumar gjekk

av tillit og varme som styrkte

kvart band som til livet deg batt,

og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,

at meir enn du gav fekk du att.

 

Boka «100 dikt» samt fleire av diktbøkene til Halldis Moren Vesaas finn de på Hammerfest bibliotek.

Anbefalt av bibliotekar Amalie