Bli hvis du kan trilogien

Bli hvis du kan er ein triologi skrive av Helga Flatland.

 

Vi møter dei fire barndomsvenene Tarjei, Trygve, Kristian og Bjørn som har vekse opp saman i ei lita bygd. I klassen på barneskulen var det dei fire gutane, og dei følger kvarandre i barndom og ungdom. I sitt første steg ut i vaksenlivet held dei saman - og alle fire avtener førstegongstenesta. Når førstegongstenesta nærmar seg slutten går dei igjen saman, dei søker mot det trygge - kvarandre. Saman vil dei reise til Afghanistan. Ein av dei av eventyrlyst, ein fordi han ikkje veit kva anna han vil gjere, ein for å utsette val han må ta seinare - og ein fordi det er godt å vere inkludert.

Det er berre ein av dei som kjem heim frå Afghanistan i live. I romanen følger vi dei fire gutane, foreldre, søsken, kjærestar og sambygdingar. Kvifor drog fire unge gutane ut for å kjempe nokon andre sin krig? Kvifor tek vi dei vala vi tek? Og korleis er det for dei som blir igjen? Korleis lev ein livet sitt liv vidare, og korleis kan ei bygd leve vidare når ein har mista ungdomane sine?

Helga Flatland skriv svært godt. Vi får innblikk i dei som reiste, og dei som vart igjen. Kjenslene er rå og ekte, og forfattaren bygger opp ei spenning og stemning som gjer det umogleg å ikkje lese vidare. Ho skildrar dei største kjenslene vi har, kjærleik, venskap, tap og sorg på meisterleg vis - og samstundes utfordrar ho det politiske og mellommenneskelege. Dette er ei bok som går rett i hjartet, og blir der.

Triologien består av bøkene «Bli hvis du kan, reis hvis du må», «Alle vil hjem, ingen vil tilbake» og «Det finnes ingen helhet». Vi har alle tre bøkene som lydbok og bok til utlån på biblioteket.

Anbefalt av bibliotekar Amalie