av Camara Lundestad Joof
Tema: Å vere annleis og rasisme i Noreg
Det kjennest som eg har dei same samtalane om og om igjen. Eg snakker om dei same tinga heile tida.
Camara Christina Lundestad Joof, som får beskjed om å bruke Christina Lundestad i jobben som telefonseljar, fordi det innbaud til tillit og ville auke salet. Og som tenkte at det sikkert var smart, og at det burde ho ha kome på sjølv.
Camara Lundestad Joof, som ringer ei venninne for å lufte at taxisjåføren nett spurte ho om ho trur svarte kvinner er meir «dyriske» i senga grunna biologi eller kultur. (Joof, som ringer venninna si fordi ho ikkje har lyst til å vere ho som igjen kjem stormande inn på besøk og får alt til å handle om seg sjølv og noko som har skjedd ho).
Joof er fødd i Bodø med ei mor frå Mosjøen og ein far frå Gambia. Boka «Eg snakkar om det heile tida» skildrar korleis rasismen ho stadig opplev gjennomsyrer kvardagen hennar og fyller tankane hennar. I boka ransakar Joof oppveksten sin. Korleis ho har hatt eit ynskje om å passe inn, korleis ho ynskja gjere alle til lags. Korleis ho er pedagogisk og svarer alle. Korleis ho til slutt er drit lei. Gjennom ulike sjølvopplevde hendingar syner boka korleis hudfarge er ein identitetsmarkør ein ikkje kan skjule seg bak, og at Joof som minoritet heile livet opplever å bli sett på og behandla som annleis.
Sjølve boka til Joof er lita og lettlest, men tema som ho tek opp er stort og tankevekkande. Rasisme er framleis ei reell utfordring i Norge. I forlenging av anbefalinga får biblioteket snart inn diktsamlinga «Kvit, norsk mann» av Brynjulf Jung Tjønn. Tjønn skriv om eigne erfaringar som adoptert frå Sør-Korea, og ynskje hans om å vere ein kvit norsk mann.
Begge bøker er varmt anbefalt av bibliotekar Amalie Kvamme