av Auður Ava Ólafsdóttir
Året er 1963, og bokas hovudperson Hekla flytter frå utkantstrøket Dalir og inn til barndomsvenen Jón John i Reykjavik. Målet hennar er å bli forfattar, men det er ikkje berre enkelt i ei tid der menn fødas som poetar og kvinner får tilbod om å bli Frøken Island. Hekla får seg arbeid i ein restaurant på dagtid slik at ho kan skrive i skjul om natta. Venskapet mellom Jón John og Hekla vert styrka gjennom ei felles oppleving av utanforskap. Som homofil mann får ikkje Jón John halde handa til den han elskar på gata, og som kvinne forventas Hekla å ta ei husmorrolle så snart ho er kjønnsmoden.
Boka tek oss tilbake til 60-talets normer og levesett på Island, men innhaldet er tidlaust og lett å kjenne seg igjen i. Auður Ava Ólafsdóttir sine karakterar er sterke på kvar sin måte. Hekla, som er oppkalla etter ein islandsk vulkan, står igjen som ei som ukueleg følger draumane sine, men òg ho må ofre noko på vegen.
Boka finn de til utlån på Hammerfest bibliotek.
Anbefalt av bibliotekar Amalie Kvamme.