av Ulf Nygaard
Nyleg kom denne boka inn i biblioteksamlinga vår, og eg vart nysgjerrig med det same. Boka samlar eit utval av triphop- bandet Folk & Røvere sine tekstar, både utgitte songar og tekstskisser. Til saman utgjer tekstane ei vakker poesibok med geniale tekstar ein kan kjenne seg igjen i, eller som kan fungere som tidsvitner til korleis storbylivet på 90-talet og utover kunne utarte seg. Sjølv om bandet Folk & Røvere var kjend for meg, var det først etter at eg las tekstsamlinga «Inn og bombe frøken ur» at eg oppdaga musikken. Storslått poesi til groovy beats, som kan passe godt når vi er ute og lukter på våren her i eigen by. Boka inneheld mange tekstperler, så her er det berre å velje og vrake.
Astronaut
Tenker på deg i andre baner
Tenker mye mer på deg enn du aner
Jeg svever rundt i store runder
Hva vil skje om moder jord går under?
Ensom astronaut til jorda, over
Hva skjer der nede, ligger alle og sover?
Drømmer om deg og Newtons lover
Jeg har utsikt over hel klode
Her hos meg står alt på hodet
Lange baner, mange dager
Fri meg fra alle landeplager
Tekst: Ulf Nygaard. Utgitt på albumet «Vi som ikke har opplevd krigen» (1996).
Boka finn de til utlån på Hammerfest bibliotek.
Anbefalt av bibliotekar Amalie