På naturens skuldre

av Anne Sverdrup-Thygeson

Anne Sverdrup-Thygeson er professor i bevaringsbiologi ved Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet. Ho har tidlegare gjeve ut fleire lettfatta sakprosabøker både for born og vaksne. I boka «På naturens skuldre – hvordan ti millioner arter redder ditt liv», får vi presentert korte forteljingar som på kvar sin måte syner oss kor smart naturen er vove saman. Mellom anna skriv Sverdrup-Thygeson engasjerande om isfuglen som inspirerte konstruksjonen av lyntog, om korleis soldatar har brukt sjølvlysande sopp som lykter i skyttergravene, og barlindtreet som har redda mange liv gjennom kreftmedisinen Taxol.

Boka syner korleis naturen gjev oss svar og godar, men ho tek òg føre seg kva som skjer når vi tuklar med dei økologiske samanhengane. For som Sverdrup-Thygeson skriv: I vår evne til å utnytte naturen, ligger også risikoen for å undergrave vårt eget livsgrunnlag. Skal vi sikre vår eiga framtid må vi altså lære oss å spele på lag med artsmangfaldet i naturen. Boka er god å lese i eit jafs, men egner seg òg godt som høgtlesing - forteljing for forteljing.

Vi har boka til utlån på biblioteket.

 

Anbefalt av bibliotekar Amalie